Page 41 - Flytende ord
P. 41
Livet e no berre dar….
(Av Vidar Midtun)
Eg gjekk ned på stranda og grubla på livet,
og det e nok meir enn eit pust i sivet.
Det e som ringar i blikk stille vatten,
som spreiar seg ut i sommarnatten.
Den næraste ringen der steinkastet falt,
e barndomstie, då rekk me rundt alt.
Den andre ringen e ungdommens stund,
og framleis e bølgane trillande rund.
Den tredje ringen den brytar litt opp,
me rekk ikkje lenger rundt bølganes topp.
Nokon vel vegen mot trygghet på strand,
og andre blir eten av havgudens vann.
Nokon blir omgjort til damp ut av sola,
og kanskje dryp ned og blir litt av ein Cola.
Nokon blir tårar på alderdoms kinn,
når Gudar i himlen krev livet ditt inn.
Den fjerde ringen den e ikkje der,
for den blei borte i dårleg vær.
Då rusla eg heim, eg var ferdig på stranda.
då høyrde eg svakt, i sivet det anda.
TA VARE PÅ DEG SELV OG DINE